on holid on holiday by mistake: filmomtale: dungeons & dragons 2: the elemental might

25 september, 2005

filmomtale: dungeons & dragons 2: the elemental might

ok, ok... eg veit kva du tenkjer (hastur, min einaste lesar - nei, kristian, eg vert ikkje lei av det der ;-) ): d&d1 var ikkje verdt å sjå, dårlege fantasyfilmar kravlar kontinuerlig ut av treverket, og d&d sug svett susp uansett. men bær med meg her; kvifor eg i det heile gadd bruke tid og ressurser på å skaffe meg og sjå denne filmen i utgongspunktet kan no så vere (fuglane veit), men eg vart så overraska over det eg såg at eg no kastar bort bandbreidde på å snakke om det.

fyrst og framst: dette er ein film for folk som kjenner til d&d-rollespela frå før av. andre kan kanskje ha det moro med å sjå han, om dei likar lågbudsjetts fantasy, eller uk/litauiske samproduksjonar generelt (eg køddar ikkje). men filmen, i motsetnad til den horrible d&d1 (hvis einaste bærande element var at det verka som om karakterane i filmen var rollespelkarakterar med spelarar som ikkje tok spelet så seriøst - det vart faktisk artig om ein såg filmen med slike auge), ikkje berre byggjer på det faktiske spelet, men held seg overraskande nært til det. dette i så stor grad at ein skjøner at produsentane har spelt igjennom baldur's gate og icewind dale-dataspelene fleire gongar, for filmen minnar sterkt om desse.

noko av det beste med heile filmen er den fantastiske produksjonsdesignen. her har filmskaparane brukt illustrasjonane i rollespelbøkene som blueprints. frå klede til vapen til omgjevnader - alt overlever samanlikning med art designen som spelutviklarane jonathan tweet & co har forsøkt å mane fram i rollespelet.

plotmessig er filmen svært enkel: den onde trollmannen damodar (henchman for ein tafatt og latterleg dårleg jeremy irons frå nr. 1), mesterleg portrettert av bruce payne (min favorittonding på film! ingen får til å sjå så ubeskriveleg og lidenskapeleg ond ut som han - og mannen kan stå stokk i ro og gjere det!), har etter å i 100 år ha vore forbanna til å leve som ein vandaud, klart å finne eit legendarisk artifakt som gjev han uhorveleg mykje makt som han planlegg å bruke til å, vel, vere ond med (alt dette vert forklart i introsekvensen, eg gidd ikkje røpe noko. en må for øvrig berre elske den utruleg enkle motivasjonen til slike ondingar: å være ond. korkje meir eller mindre). folket i ismir får snusen i planane, og sender ut eit party med heltar for å stogge han og få fatt i artifaktet. den einaste lenka til einaren er altså setting og skurk. det finst ingen andre element som bind filmen til forgjengaren, og takk gudane for det.
slutten var litt for kjapp i vendinga, pluss at enkelte av scenane som utgjer han viste sterkare enn resten av filmen kor lavt budsjett produsentane hadde å leike med. men er ein britisk/litauisk samproduksjon, så er ein det...

skodespelarane er heilt greie. når det gjeld heltane er det sjølvsagt ingen oscarvinnande framføringar frå denne gjengen, men så er heller ingen av dei kjende b-skuespelarar (eg har svært god sans for å nytte ukjende b-skuespelarar som hovudpersonar i lågbudsjettsfilmar i staden for "stjerner"- det er trist med slikt drit t.d. michael madsen får seg til å spele i), men dei fungerer.
bikarakterane har eit og anna småkjend anlet; det mest kjende tilhøyrer roy marsden, som vi kjenner og elsker som commander dalgliesh i dei britiske krimseriane. marsden er heilt herleg som oberon, leiaren for magikarlauget i ismir.
kjærleiksinteressa til helten sjølv (krigaren berek i mark dymond sin skikkelse - mark kjenner vi så vidt igjen frå ei lita birolle i james bond: die another day, som mr van bierk, men som elles ikkje er gjenkjennbart frå noko som eg kan kome på - og eg fann ikkje noko nevneverdig på imdb heller) vert spela av clemency burton-hill, som leverer den svakaste rolletolkinga i filmen. lespinga hennar vart usedvanleg irriterande etter kvart, og det er grenser for kor mykje valpeauge ein tåler. eg vil ikkje kome inn på kva rolle ho speler i plottet, fordi det vil røpe for mykje, men det er ikkje ho ein ser filmen for, for å sei det slik.

sjølve partyet er samansett av krigaren berek, barbarberta lux (hello, nurse!), alvemagikerinna ormaline (hellooooo, nurse!!), hobittjuven nim, og druiden dorian. ingen dvergar, takk gud!! på reisen støter dei borti alt frå lichar til magmons, det fine er at filmskaparane nyttar vesen ein faktisk kjenner frå d&d, ikkje tull og tøys som i forgjengaren. i tillegg tør dei å faktisk ta livet av sentrale karakterar (eg seier ikkje meir), og la dei kule og tøffe heltane drite seg ut fleire gongar ( men ikkje misforstå - ikkje "haha"-drite-seg-ut; det finst ikkje slapstick i filmen, noko av det som var berande for einaren), og levere enkle men greie plot twists underveis. enkelte snarvegar tek dei sjølvsagt - det er ikkje nok mesterverk vi snakkar om her - men bortsett frå ein litt for planke slutt trekk ikkje desse noko vidare ned.

gullkornkommentar nr 1 frå filmen er levert av berek: "i bumbled into the trap like a farm boy on his first campaign". elles er filmen forbløffande fri frå cheesy one-liners, med eit og anna unntak frå tjuven pim, og "onde" replikkar frå bruce payne (men det er greit, for han er så OND!! nei, eg meiner det, det var ikkje sarkasme).

spesialeffektene varierer, men dei dårlegaste cgi-monstra er ikkje så dårleg at ein, vel, blir dårleg. igjen er det noko desidert dataspelaktig over dei (type cutscenes i baldur's gate 2), og takka vere denne gode samanliknina som heilt sikkert er med hensikt, overlever filmen dei.

i det heile ein heilt grei rett-på-video-sak, som styrer unna det pompøse og pretensiøse som ringenes herre-trilogien druknar i. då minnar den meir i utsjånad og kjensle om den siste harry potter-filmen; gråaktig filterbruk, fine naturbilete, dunkel bakgrunnsmusikk (som, igjen, minnar mykje om icewind dale-spela), og inga episk stirring utover horisonten (noko av det kvalmaste med ringenes herre-filmatiseringane). tilmed actionsekvensane er haldt relativt enkle og generelt sett fri frå fiksfakseri (men så er det ingen mûmakilar å svinge seg i her heller...). forfriskande å sjå sverdsvinging som ikkje baserer seg på asiatisk kampsport for ein gongs skuld. legolas og aragorn har visst svart belte i kung-fu, men det har korkje berek, pim eller dorian.

alt i alt ein forfriskande fantasyfilm, perfekt for late søndagar, men ikkje naudsynt noko ein trommar saman alle en kjenner for å sjå. ikkje ein film for alle, men eg var nøgd med filmvalet for ettermiddagen, og koste meg medan eg såg han.

-jbq.

lydspor: the herbalizer - something wicked this way comes

18 Comments:

Anonymous Anonym said...

No må det vere grensar, inspirert av dine lovord satt eg og Thor oss ned og såg denne filmen idag... og vettuka, i motsetnad til deg så sakna eg dvergane! KVAR VAR DVERGANE?

Og forutan det var det møl frå ende til annan, det var eit klassisk døme på eit manus som berre kunne reddast av gode skodespelarar og skodespelarar som berre kunne reddast av eit bra manus. Det er ein dårleg blanding det gitt.

Nei, det beste med filmen var Lichen. Han var tøff han. "Kill him yourself..."

12:12 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

hey, eg åtvara om labre skodespelarprestasjonar og eit så-som-så plott, og eg sa i frå om at det ikkje var dvergar (og eg er glad for det! ingen greier å framstille dvergar riktig uansett, korkje i lotr eller d&d1).

nei, det er stemninga eg likte så godt, og det at filmen var akkurat fjollete nok til å vere mykje moro utan å drite seg ut. han siktar jo ikkje på å konkurrere med korkje 1aren eller andre fantastyfilmar med høgare budsjett. kjempe, tykkjer eg! kanskje me kan få ei ny bølge slike filmar, slik me hadde på 80-talet med ladyhawke, flesh & blood, legend, dark crystal... ja, eg nemner i fleng. denne filmen er meir lik slike filmar enn lotr, og bra er det.

12:19 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Njah,
eg følte meir som om at eg brått var tvungen til å spele D&D med ein fjorten år gamal GM... *Grøsse*

men greit,
eg har 80 tals fantasy en masse her, berre å kome og forsyne deg ;-)

12:25 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

neineinei; d&d1 var som å spele d&d med ein 14 år gamal gm. denne var som å spele d&d, uansett gm. det er ikkje merp vi snakkar om, må du huske; d&d er faktisk sånn...

i dragonlance gjorde eg eit tappert forsøk på å gje karakteren min personlegdom. det er ikkje mogleg; reglane i d&d tillet ikkje karakterar å vere unike...

skjønt, noko betre er det jo post-thac0...

men kom igjen, produksjonsdesignen var herleg, i alle fall med tanke på kva budsjett dei må ha lidd under. og likskapen med inspirasjonskjelda var genialt tru, tykkjer eg.

men ser du d&d etter at eg har sagt at filmen er for d&d-fans og så vert du skuffa, så har du ikkje høyrd nøye nok på meg :-D

12:32 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Skal eg høyre på deg og no liksom? Pøh!

Seriøst, eg kan jo like D&D... ikkje gløym min prisvinnande D&D modul - In Taberna Quanda Sumus. Den burde du spele ein gong, den skal eg heller skryte på meg at er noko av det mest sinnsjuke eg har knota ihop. SINNSJUKT seier eg! Var du med på playtesten av den eller?

12:39 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

nei, har du gløymd at eg aldri får være med å spele, eller? og i staden sit heime på msn og ser på kva musikk de brukar under spelinga?

:-P

som øyvind sa, ganske trist, men veldig morsomt ;-)

12:43 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Kvatid sa bomullsplukkaren om det? Og var det om filen eller spelinga?

In Taberna Quanda Sumus var nok ein god stund sidan, og då budde eg faktisk på Os. Men eg er klar til å køyre den om att og. Den kan spelast i det uendelege. Dersom ein har ballar til det. Eg trur aldri ei einaste gruppe har spelt gjennom heile eventyret - men alle gjer det same for å avslutte eventyret. Og det er jo det eg spår kjem til å skje og, så det passar fint.

SKÅL FOR SVARTE FAEN! :-)

12:48 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

om at eg sat heime aleine på verdsveven på ein laurdagskveld medan de spelte, og såg på kva musikk de hadde i bakgrunnen. hugsar du ikkje det? eg foreslo at du kunne innstallere vevkamera så eg kunne sjå på i tillegg :-P

skål din gamle sjørøvar!

12:53 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Jo, eg kjem det godt i hug, men det kjem nok aldri noko vevkamera på plass. Ikkje etter at vi fekk husregler om at alle skulle spele nakne for at ein ikkje skulle sitte med ess opp i ermet eller gøyme på terningar... og gutane er litt sky, må respektere at dei ikkje vil vise seg fram.

Eg derimot; mellom klokka 2 og 5 kvar natt. Mot betaling.

12:55 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

hm, i frykt for å framstå som frykteleg trist, vil eg leggje til at dette er ei lita greie eg og kristian har hatt gåande ei stund fordi eg ikkje får vere med i magegruppa (nei, ikkje "mage". mage; som i magiker) deira - mest sannsynleg fordi eg allereie har droppa ut to gongar. mitt argument er at det var då, og at eg faktisk er den mest stabile spelaren i vår spelekrets (den einaste som alltid dukker opp - utanom når eg er sjuk), så eg driv og guilttripper kristian med å t.d. fortelje om kor keisamt eg har det når dei speler.

men det er jo litt sant også då!

12:56 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

pokker også!! akkurat når eg brukar sove!!

er det høve for å få tilgong til opptak, om ein til dømes vert gullmedlem eller noko? ;-)

for øvrig deilig å vere ute av kåken i byen; eg trur ikkje eg hadde takla ein til av ørjan sine nakenonsdagar...

12:58 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Det ligg faktisk gratisopptak av denslags på nettet... trist, men sant... eg berre håper folk ikkje snublar over det i tide og utide.

Men betalar du godt nok kan eg skaffe opptak av det meste... eg er fattig.

Og eg trur eigentleg du saknar snoppen til Ørjan og hans Wittle Willy Kit.

1:03 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

tullar du...? korleis hende det? og kor kan eg... øh... eg meiner... d'oh! ;-)


eg håpar ikkje det same gjeld meg. eg trur ikkje det, but i get hit in the head a lot :-P

1:07 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Korleis det skjedde?
Alkohol
Kamera
Folk som riv av seg kleda
Folk som riv av meg kleda

At det berre var gutar tilstades hjelp ikkje på... *flire*

1:09 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

argh!! minime hadde noko med dette å gjere, hadde han ikkje...?

1:12 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Han var tilstades, ja... men hans kone var den mest aktive... men dei var alle med på det. Alle saman...

og dagen etter vakna eg med... vel... du finn bilete i bloggen min ;-)

1:15 a.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

RAOTFLOL!!!

1:17 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Jau,
vi ler alle saman eigentleg :-)

1:20 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home