on holid on holiday by mistake: plötzlich ist alles anders

28 september, 2005

plötzlich ist alles anders

argh!! sjølvsagt, etter å ha skrive ein fælslegt lang post, kræsja maskina. menmen, vi prøver på nytt.

intervjua med wt-guta er ferdige, og måndag byrjar vi å klippe. vi har eigentleg lyst å stikke nedom kommunen og hetse kulturetaten ein smule - konfrontere dei med ein del ting vi har "funne ut" gjennom vår "undersøkjande" journalistikk, men vi får sjå.

uansett, eg drog heim og såg the jacket. no skreiv eg eigentleg ein ganske lang bit om den filmen som eg ikkje gidd å skrive om att no; kanskje ei omtale seinare.

eg skreiv også litt om my name is earl, den nye serien til gromguten jason lee. eg har fått tak i episode 1 og 2 av denne nye serien, og har tenkt å kose meg med dei i morgon. kort fortalt handlar han om earl, ein småkriminell skroting, som vert påkøyrd av ein bil like etter å ha funne ut at han har vunne fystepremien i eit lotteri. lotteribongen forsvinn, og earl vaknar opp på sjukehuset i morfinrus, og ser carson daly på mtv messe om korleis den som gjer godt mot andre får det godt sjølve. earl slukar dette rått, og bestemmer seg for å lage ei liste over alle han har vore kjip mot, og så spore dei opp og gjere det godt igjen til dei... serien vert samanlikna med coen-brørne sine filmar, og jason lee er jo genial, så dette gleder eg meg til å undersøkje sjølve.

for i kveld er det stereo total-konsert, og det har eg gleda meg til i månadsvis. eg veit ikkje kven andre som kjem, untanom håvard og kristian, men det kjem til å bli dritbra. eg og håvard skal chille borte hjå han fyrst, med nokre kalde øl og stereo total på, eh, stereoen og varme opp, hehe.