on holid on holiday by mistake: Star Jazz!

05 mars, 2008

Star Jazz!

Attack of the Hip Stars
Du veit kanskje ikkje kven Saul Bass var, men du har garantert sett arbeidet hans.

Som Oscar-vinnande vignettdesignar har han laga vignettane til mellom anna Hitchcock-klassikarane North by Northwest, Psycho og Vertigo, samt Spartacus, The Victors, It's a Mad, Mad, Mad, Mad World, Casino, Goodfellas, Cape Fear og The Age of Innocence. Bass var kjend for sine jazzete, stiliserte introar, og designa også kjende logoar som for Bell Telephone og etterfølgjaren AT&T.

Men kva om Saul Bass hadde designa introen til Star Wars? IO9 spekulerer i at det finst eit alternativt univers der han gjorde nettopp det, då dei (og eg sjølv, faktisk) dumpa over denne lekre saken på You Tube.

Etiketter: ,