on holid on holiday by mistake: filmomtale: "the tomb of ligeia"

19 september, 2005

filmomtale: "the tomb of ligeia"

skrekk"meisteren" roger corman har produsert uendeleg mange filmar, derav stort sett meisteparten er drit. men med jamne mellomrom har innimellom-geniale mannen produsert gullkorn som the dunwhich horror. det han regisserte kan kallast interessant på det beste, men i dag såg eg ein av hans filmar som rett og slett må kallast eit meisterverk.

the tomb of ligeia kan synast som nok ein vincent price-speler-i-edgar allan poe-filmatisering, som den litt skuffande masque of the red death (1964) (også av roger corman, hvis enkelte glimrande replikkar frå price er det einaste som reddar filmen) ved fyrste augekast.

men neida!!

her leverer price varene, og ein eksepsjonelt god kvinneleg hovudrolleinnehavar, elisabeth shepherd, bidrar med å gjere filmen både spanande og interessant. shepherd, hever seg elegant over typiske kvinnelege skodespelarar i denne sjanger og periode, og trass i min kjærleik til price er det det definitivt ho som stel showet. mellom dei to sat eg og lo for meg sjølve av dei glitrande rolleprestasjonane deira.

handlinga er enkel, henta frå edgar allan poe(så klart): den mystiske og mørke verden fell (price) bur i eit forfallent kloster, der han lev i skuggen og saknar den daude kona si. enter kvinneleg hovudperson rowena(shepherd) reint tilfeldig (eller...?) ramlar innom (bokstaveleg tala), saman med sin velmeinande men litt tomsete ven christopher (john westbrook, som vi kjenner som stemma til treebeard i lord of the rings-teiknefilmen frå 1978. han speler også the red death i masque of the red death, skjønt han er ukreditert), som det viser seg kjenner fell. rowena fell umiddelbart for den mystiske (og kjekke) fell, og bestemmer seg for å få han, noko ho til slutt gjer. eller...? spøkjer det i det gamle klosteret? er ikkje fell si kone ligeia daud likevel? er det hokus-pokus på ferde, eller berre eit spel frå fell si side, slik christopher meiner? denne dualiteten i historia er det som gjer ho interessant og spanande. og det at filmen ikkje er noko særleg forutsigbar, slik andre filmar i sjangeren og perioden som regel var (også andre poe-filmatiseringar), gjer at du forsøkjer å gisse slutten heile vegen til du kjem til han. visse friheiter med historia er tekne, men det er greit, det funka fint i witchfinder general (1968) og det funkar her!