on holid on holiday by mistake: Garfield minus Garfield

05 mars, 2008

Garfield minus Garfield

Curse of the Modern Man
Alltid lurt på korleis Jim Davis' teikneseriestripe Garfield, eller Pusur som han heitte på norsk, hadde sett ut dersom nokon digitalt fjerna Garfield sjølv, og lot stripa handle om ein stakkarsleg kar som slit med schizophreni, bipolor lidelse, desperasjonar, og tomheiten i det moderne liv? Så klart du har. Det har eg óg. Og folka bak denne nettstaden.

Seriøst, det er fabelaktige greier. Eg gjengjev eit par av stripene for å illustrere geniet bak prosjektet:







It's funny, 'cause it's true.

Etiketter: ,

3 Comments:

Anonymous Anonym said...

Wowser, no vart det brått mykje morosamare! Eg har aldri vore den store Pusur fanen, men dette vart jo herleg intelligent humor :-D

11:49 p.m.  
Blogger Jack B. Quick said...

Mmm, og det som verre er, no går det plutseleg an å identifisere seg med Jon Arbuckle, som tidlegare berre var ein flåsete comic relief-fjott i bakgrunnen.

Det er eigentleg ikkje så vittig som det er tragisk, men det gjer det jo enno meir vittig. I alle fall for sånne som meg og deg.

Sukk.

12:06 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Tja, eg kjenner meg att... her eg sitt og skriv for meg sjølv og ventar på å verte oppdaga ;-)

12:25 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home