on holid on holiday by mistake: Fallout Arcade

29 juli, 2008

Fallout Arcade

Det er sjeldan eg skriv om dataspel her, og det er fordi eg sjeldan speler dei. Mi interesse i dataspel er hovudsakleg nostalgisk rotfesta, og då er det i fyrste rekka adventurespel og tidlege RPGar, som Monkey Island, Baldur's Gate, og Fallout eg tenkjer på.

Fallout er spelet som handlar om dei som gjekk inn i overlevingshvelv då atomkatastrofen var eit faktum - når dei endeleg kjem ut att. Menneskeheita si siste skanse var hermetisk lukka inne i nesten hundre år, og når hvelva endeleg opnar seg att i 2161, er det ei framand verd som openbarar seg for hovudpersonen...

No er det ikkje lenge att til Fallout 3, Bethesda sin nye inkarnasjon av spellegenda vert slept (men det visste du om du har lest så langt som dette) - 11 år etter einaren.

Som eit ledd av marknadsføringa har Bethesda hyra inn gutta frå Penny Arcade til å lage teikneseriestriper knytt til spelet, og dei er no online, ei veke for tidleg, i følgje Penny Arcade-Tycho. Det får i alle fall meg til å vitje sidene til Bethesda oftare enn eg elles ville ha gjort, og det er vel det som er tanken bak - og i så fall har dei lukkast.

Her er den fyrste stripa, som går i dybden på dei ulike hvelva i Fallout-settinga, og kanskje gjer nokre lenge påventa svar...:




Etiketter: , ,