on holid on holiday by mistake: amerikanske nettaviser

22 januar, 2006

amerikanske nettaviser

kvifor i heilkveite er amerikanske nettaviser så vansindig underutvikla at dei ikkje greier å ha BILETE med teksten, men ein DIGERT reklameboks der bileta burde vore, det er greit.

når dei køyrer ein featureartikkel om ein nyoppdaga art så forventar ein å få sjå bilete (som fins, kinesiske nettaviser (som må kunne kallast dei mest informative i verda) klarte å ha bilete av denne krabaten).

men neida.

berre bla igjennom denne lista og sjå kor mange bilete du finn av det nye edderkoppdyret "harvestman".

for i USA er det meir viktig å selje reklame enn å opplyse; amerikanske medier er ikkje anna enn ein plattform for kommersialisme som er i ferd med å miste all nyhendeverdi.