on holid on holiday by mistake: valentinsdag, eller: nok ein pet peeve

23 januar, 2006

valentinsdag, eller: nok ein pet peeve

no er eg korkje i mot å kle seg ut eller å gjere romantiske ting til kjærasten eller andre hjartekjære, men eg er skikkelig i mot spesielt halloween og "valentine's day". SPESIELT sistenemnte, ikkje minst fordi dei hjernedaude vg-skallene der ute ikkje klarer å bruke "høgtida" sitt namn. det heiter ikkje "valentine's day" på norsk. det heiter valentinsdag, eller st. valentinsdag. det heiter I ALLE FALL IKKJE "valentine", for inni helvete. seriøst. eg blir sprø. fuck alle stygge idiotar som kallar det "valentine" på dårleg engelsk på fjernsyn og i reklame. møter eg ein av dykk tek eg gladeleg 2 veker i spjeldet for å gje dykk det de fortener.

men til saka, litt meir sakleg (no pun intended):

vi har alt ein "kle-seg-ut-og-tigge-snop"-dag i noreg, nemleg nyårsaftan.
mange nyttar også romjulsdagane, som i og for seg er greit, fordi det eigentleg heiter romjulsbukk, eller julebukk. halloween eksisterer i noreg i dag fordi marknadskreftene, spesielt leiketøysprodusentane og godterifabrikantane, som som vi alle veit er to av dei meist kyniske og utnyttande bransjane som fins, vil at det skal eksistere.
desse bransjane produserer ikkje konsumbare produkter per se, men produkter som er overflødige (me treng dei ikkje), og som menneske berre vil ha basert på attrå, grådigheit og materialistisk trang.
og kva gjer frp-aren på gata? jau, han omfavnar denne djupt amerikanske tradisjona (i motsetnad til noreg er sambandsstatane tradisjonelt ein konsumkultur så her er det faktisk ikkje så rart at den eksisterer) utan nokon som helst form for refleksjon. her skal det kjøpast og nytast!
eg vert direkte kvalm over desse menneskja, som vil ha-ha-ha og proppar i seg giftstoffar berre fordi det er godt og dei ikkje greier late vere. ikkje misforstå; eg likar godteri og et det innimellom, men eg kan late vere om eg vil. og eg er noko hyklarisk når eg seier dette uansett, i og med at eg røykjer. men skilnaden er at eg er klar over det; frp-aren i gata handlar på impuls og burde vere beskytta mot seg sjølve.
men desse folka; ungane deira får leikety til tusenvis av kroner, for ikkje å snakke om pvc-kostymer sydd av foreldrelause born lenka saman i ein kjellar under eit bordell i kaohsiung med resirkulert silofor i hundeskåler til å halde dei gåande. i tillegg er ikkje pvc nedbrytbart, kostymet vert brukt éin gong, og så kasta i boset. (men som eit apropos, folk som går inn i leikebutikkar og skjeller ut beteninga er like dum i skallen som dei som kjøper leikane; uansett korleis ein snur og vender på det er det ikkje beteninga si korkje feil eller ansvar aleine, og dei er uansett feil medium for å rette klager og kritikk mot - kvart menneskje har eit ansvar sjølve her).
men herligheit, eg elskar å kle meg ut. men eg treng ikkje at nokon skal fortelje meg når eg skal kle meg ut slik at eg ikkje skil meg ut frå aller fjortisane og bolarane som går på byen. FTS, er alt eg har å seie til det.

men det er ikkje halloween no (eg gidd i alle fall ikkje kome inn på dei reint kalendermessige og sosio-tradisjonelle grunnane bak halloween og kvifor det er heilt feil å feire det i noreg - det har sikkert hastur gjort, så gå og søk i arkivet hans).
no er det valentinsdag som står for tur. og idiotien bak denne høgtida er så openbvar at eg ikkje gidd å ta det opp. ei katolsk høgtid mer røter i romarriket som igjen hadde sitt opphav i faunfestivalar - og alle veit at faunar var kåte, hårete små menn med geiteføter som kopulerte seg gjennom livet i perverse og ukristelege orgier - omtrent som det å feire at sola er på sitt lågaste og no snur for å gjere året ljosare att har blitt til bursdagen til ein eller annan kjortelkledd hippie der ein feit, raudkledd nisse (sic) bryt seg inn i folk sine hus via pipa og prakkar på unger coca-cola for å gjere dei avhengig til odontologane si store begeistring. temmeleg fjernt frå opphavet, med andre ord.

dette er nemleg opphavet til valentinsdag (frå www.historychannel.com):
"Lupercalia, which began at the ides of February, February 15, was a fertility festival dedicated to Faunus, the Roman god of agriculture, as well as to the Roman founders Romulus and Remus.
To begin the festival, members of the Luperci, an order of Roman priests, would gather at the sacred cave where the infants Romulus and Remus, the founders of Rome, were believed to have been cared for by a she-wolf or lupa. The priests would then sacrifice a goat, for fertility, and a dog, for purification.
The boys then sliced the goat's hide into strips, dipped them in the sacrificial blood and took to the streets, gently slapping both women and fields of crops with the goathide strips. Far from being fearful, Roman women welcomed being touched with the hides because it was believed the strips would make them more fertile in the coming year. Later in the day, according to legend, all the young women in the city would place their names in a big urn. The city's bachelors would then each choose a name out of the urn and become paired for the year with his chosen woman. These matches often ended in marriage."

romantisk? ikkje spesielt. eigentleg både perverst og kvinnefiendtleg.

vidare:
"Pope Gelasius declared February 14 St. Valentine's Day around 498 A.D. The Roman 'lottery' system for romantic pairing was deemed un-Christian and outlawed. [forståeleg nok - sjølv om "ukristeleg" (trass i å vere eit av mine favorittord) ikkje naudsynt er det mest openbare for oss litt meir opplyste] Later, during the Middle Ages, it was commonly believed in France and England that February 14 was the beginning of birds' mating season, which added to the idea that the middle of February -- Valentine's Day -- should be a day for romance. "

men i dag har folk ei eller anna idiotisk forestilling om ein slick latino lover/romeo/tristan-fyr som lovprisa kjærleiken, og ein gjev søte og romantiske eller steindyre og romantiske gåver til framande eller kjærasten.

sorry folkens.

å gje anonyme kort til framande damer ein har eit godt auge til er IKKJE romantisk. det er mentalt forstyrra. stalkeraktig kallar vi slikt.

men uansett; nok ein gong må eg seie: kvifor skal marknadskreftene kunne bestemme når eg skal gje litt ekstra, romantisk merksemd til ein eg er glad i? det går eg ikkje med på.

og det er MARKNADSKREFTENE som står bak "valentine' s day". tenk litt: kva er dei dyraste ikkje-naudsynte produkta som finst? jo: smykker, diamantar, vakre blomar og sjokolade.

nei, seriøst; kan du kome på noko som er dyrare enn desse tinga, og som du TRENG MINDRE? trudde ikkje det, nei.
smykker og juvelar har absolutt INGEN nytteverdi; i eldre tider hadde dei, då dei kunne fungere som betalingsmiddel, men det kan dei ikkje i dag. pyntegjenstandar er dei redusert til. og pyntegjenstandar er det minst nyttige som finst i verda. dyre diamantar er verre enn digre, fancy bilar, for uansett kor overdådig bilen er har den framleis ein nytteverdi: det er eit framkomstmiddel, uansett korleis ein snur på det.
ein stein er ein stein. er ein stein.

og sjokolade er vel strengt teke ikkje spesielt næringsrikt, om enn den kan gje oss eit lite kick (eg tykkjer synd på dei som meiner at sjokolade gjev same virkning som ein orgasme - dei kan umuleg ha spesielt god sex), og er difor også heilt ubrukeleg når ein tenkjer over det.

og her lurer kapitalistane unge, forelska fjols til å legge ut i dyre domar for å erklære si kjærleik.
idioti!! trong casanova, don juan, romeo eller bruce campbell slikt tullball?

niks, dei hadde skjøna det: nokre velvalde ord, eit rett plassert blunk, og kanskje eit freidig augebrynrykk var nok for slike sjarmørar. og det burde det vere i dag også!

så eg manar deg: ikkje kast pengar ut av vindauga på idioti - gje heller din utkåra litt ekstra merksemd på anna, meir fysisk og språkleg vis, og ikkje same dagen som alle dei lettlurte fjolsa (som ikkje har pengar att før marslønninga), men ein heilt vilkårleg dag, når ho ventar det minst.

då veit ho også at du MEINER det, og ikkje berre følgjer massene slik som alle sauane gjer.

kom igjen, ver eit INDIVID, ikkje eit tal på konsumentstatistikken! ikkje fall for amtradiseringa - handle som eit tenkande vesen, ikkje som ei rotte i eit laboratorium!

når du kjøper juvelar eller sjokolade til kjærasten din betaler du for hennar undertrykkjing!

antikapitalistisk helsing,
.jbq

1 Comments:

Anonymous Anonym said...

Jeg sier Vælentain :P

9:28 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home