Frode har byrja å synga (Vidar óg) (Oppdatert)

Ja, du las riktig.
Frode Sirevåg og Vidar Bratlund-Mæland, kjenningar i Os-kulturen, og festivalgründerane bak WT-festivalen, har sett i gong med det som berre kan omtalast som eit bissart performanceprosjekt, i samarbeid med musikaren Vegard Skorpen: Dansebandet Frode Vidars.
Saman har dei kokt i hop nokre gyslege promobilete (signert BA-fotograf Vidar Langeland), og spelt inn ein singel - alt i laupet av veka som har gått. I dag fekk eg prakka på meg bandskjorte, med eit bilete som kjem til å gje med mareritt.
Vitja Facebook-sida her, og MySpace-sida her.
Oppdatert 28. Juli: Frode Vidarssingelen "Anna Soffia" debuterte i dag på eteren, i RadiOs-programmet "Aktuelt" kl 13:00. Og det vert neppe siste gong den kjem til å rulla på lokalradioen!
Opprinneleg posta 26/7/08
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home