on holid on holiday by mistake: Video Extravaganza

17 juli, 2008

Video Extravaganza

God aften folkens, eg går ut i frå at de har fått fordøyd alle dei herlege Eläkeläiset-videoane eg tipsa dykk om (min favoritt er nok Ranttalihumppa), så no er det dags for litt ekte nerdefilm-greier.


No kan ein endeleg Watche the Watchmen... øh.. eller noko...

Traileren til Zack Snyder (300, Dawn of the Dead) sin Watchmen er online hjå Empire. Traileren hadde premiere på fyrste visning av The Dark Knight, og det er tydeleg at Snyder ynskjer å visa oss alle at hans tolkning av Alan Moore og Dave Gibbons sin seminale teikneserie er dønn tru mot kjeldematerialet. Godt å vita!

Då gjenstår det berre å sjå om den underliggjande metahistoria bak teikneserien, ei dissektering av superheltsjangeren innan teikneseriar pre-1985, maktar å gjere seg til kjenne gjennom transformasjonen til dissektering av superheltfilmar gjennom åra.

Eg må seie at frå å vere ein av dei som ropte "NEI!!!" aller høgast når prosjektet vart annonsert, har gått til å vere svært forventningsfull. Eg gledar meg!

Dei einaste ankepunkta eg hadde var at Silk Spectre var alt for hot og Ozymandias ikkje var gjenkjennbar. Resten var... fantastisk. Døm sjølv!

Ryktene heiter for øvrig at Warner Bros. har med seg ugleskipet til Nite Owl, Archie, på ComicCon i San Diego. I full storleik. På to tonn...

Her er traileren, dersom du ikkje gidd å sjå den i herleg HD hjå Empire.




Terminator 4: Vert ikkje så sugen som forventa?

Eg har ikkje skrive noko om McG (Charlie's Angels 2: Full Throttle, "Fastlane") fordi a) eg har ikkje gidda, og b) prosjektet virka dødsdømt. Eg er stor fan av ostepopserien "Fastlane", og likte godt den meiningslause tøysefilmen CA2:FT. Men å la denne mannen regissere T4? Med John Connor i baksetet i staden for i hovudrolla? Med Christian Bale som Connor? Gav inga meining.

Men no, der teaseren til JJ Abrams' Star Trek, som kjem til jul, berre inneheld vage skot av ein Enterprise under konstruksjon, gjev McG oss ei hærskare av godbitar i teaseren til ein film som framdeles ikkje er ferdig med hovudfilminga og som ikkje er klar før godt inn på nyåret:

- Hes voice-over av Christian Bale som fortel at framtida ikkje vart slik han var lova? Check.
- T-600, forlauparen til Arnold-modellen, 8 fot høg og med miniguns? Check.
- Gigantiske maskinhender som nappar folk ut av bygningar? Check.
- Submarine terminatorar? Check.

Berre sjå for dykk sjølve, om de greier å få auge på rakkarane!


Legg spesielt merke til den FANTASTISKE måten dei har inkorporert det klassiske DUH-DUH-DUH-DUHDUH-temaet frå Terminatorfilmane mot slutten av teaseren.

Og ja, filmen foregår i den nære framtida då krigen mot Skynet og
Cyberdybe sine duppedittar faktisk foregåri - det vi har venta på sidan
T2: Judgement Day.

Meg tyktest dette faktisk ser lovande ut, i motsetnad til T3, som var laga av atten ulike sortar FAIL!


Forbrytelse og straff med Joss Whedon, Neil Patrick Harris

Også der ute denne veka er Joss Whedon sitt siste hjartebarn, "Dr. Horrible's Sing-along Blog", eit absolutt fantabulastisk prosjekt. Whedon, som mange veit er mannen bak dei revolusjonerande tv-seriane "Buffy the Vampire Slayer" og "Firefly", har teke med seg sin favorittskodespelar Nathan Fillion samt den homofile manns Bruce Campbell, Neil Patrick Harris (Doktor Doogie), til denne hyllesten til YouTube-generasjonen.

Gjennom ein tre-episodars, gratis onlinehappening, blir vi kjend med Dr. Horrible (den fantastiske Neil Patrick Harris), ein wannabe-superskurk, som gjennom sin daglege videoblog let verda vere vitne til hans forsøk på å bli teken opp som medlem av The Evil League of Evil, for å bli ein sertifisert superskurk. Samstundes let han oss også bli kjend med den meir... mjuke sida av Dr. Horrible, og hans hjartesorg over den vakre Penny, som vert sjarmert i senk av Dr. Horrible sin erkenemesis, den ultracheesy superhelten Captain Hammer (Fillion). Dette konseptet er i og for seg fabelaktig nok i seg sjølv, men Joss Whedon er ikkje kjend for å begrense seg: Som tittelen foreslår vert Dr. Horrible sin videoblog sjølvsagt konstant avbroten av musikalnumre!

Serien er dels Dr. Horrible sine eigne bloginlegg, dels "ordinær" dramatisering. Musikalinnslaga er sjølvsagt i same gate som den legendariske Buffy-episoden "Once More, with Feeling", og tilmed den mest hardbarka musikalhatar kan ikkje anna enn å sitre av ekstase når Fillion og Harris bryt ut i synkrone indre monologar i form av song. Med mindre ein ikkje likar Whedon sine greier, då. Då er det nok fare for at ein ikkje likar dette heller. Eg tykkjer slett ikkje Whedon er The Second Coming (det er sjølvsagt Steven Moffat, må vite), men er definitivt blant dei som tykkjer mannen i mange høve er eit geni.

Episodane vil berre vere online til og med søndag, og del ein og to er alt oppe, så her er det ingen tid å miste. Dei er også tilgjengeleg på iTunes, og vil kome på spesialutgåve på DVD etter at hypen har lagt seg (serveren deira krasja sjølvsagt fyrste dagen, og det var omtrent ikkje råd å få sett herlegheiten før i dag).

Les også eigen Captain Hammer-teikneserie hjå Dark Horse si MySpace-side, skaff deg Hammer-logoen eller Dr. Horrible sitt andlet på t-skjorte her.

(Opp med handa dei som vil at Nathan Fillion skal utbasunere "It's Hammer-time!" i del 3!)

1 Comments:

Anonymous Anonym said...

The hammer is my penis...

(ja, det skjer faktisk så lite på kontoret om dagen)

9:38 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home