on holid on holiday by mistake: Django Originale

04 mars, 2008

Django Originale

Etter Kosmorama-roundup'en nevnte eg den fryktelege Sukiyaki Western Django, som er ein hyllest til Django-filmane frå 60-talet. Eg som vanlegvis likar tøysete japanske greier fekk meg ikkje til å like denne valdtekta av desse klassiske spaghettiwesterns, hyllest eller ei. For å bøte på skada sette eg på originalen då eg kom heim, og no måtte eg berre dele med dykk følgjande klipp, traileren til den originale Djangofilmen frå 1966, med Terrence Hill sin dobbeltgjengar, kjekkasen Franco Nero i tittelrolla.



Oh man! Dei lagar ikkje film slik som dette lenger! Dette er ein av dei absolutt mest klassiske spaghettiwesterns, av auteuren Sergio Corbucci.

Filmen var opphav til ein haug med oppfølgjarar og kopiar. Fire uoffisielle oppfølgjarar kom ut allereie same år (spaghettiwesterns kom på boks), og ryktene heiter at det til saman finst rundt 100 slike uoffisielle Django-filmar, dog berre 31 av dei er vidkjende. Den "offisielle" oppfølgjaren kom i
Serien er kanskje ikkje like kjend i mainstreamkretsar som For ein neve dollar-filmane, men minst like ikonisk. Referansar finst i alt frå Reservoir Dogs (den klassiske øyreavskjæringsscena er ein hyllest til Django), til Rancid sitt album Indestructible, til Terminator 3 og Star Wars.

Den eponyme hovudpersonen dreg rundt på ei likkiste som inneheld eit Gatling-maskingevær. Han hamlar opp med både militæret og Ku Klux Klan, reddar vakre møyer, og stel ein gigantisk gullskatt. All right!

Etiketter: ,