on holid on holiday by mistake: All gods are bastards

02 april, 2007

All gods are bastards

Neida, dette er ingen nihilist-tirade, men derimot litt av favoritt-sitatet (blant uendelege mengder glitrande sitat) frå Terry Pratchett si fyrste bok om den absurde og paradoksale fantasiverda Discworld. Om ein ikkje kjenner til denne bokserien på no over førti volum, så har ein plenty høve gjennom dei to føregåande lenkene, og bør skamma seg (aldri sjansen forunt litt formaning!).

Men, tenkjer kanskje den innvidde, dette er jo gamalt nytt, denne boka kom jo ut i 1983 eller noko, og finst tilmed i norsk (om enn noko manglande) språkdrakt!

Dette er ikkje så mykje ein folkeopplysningspost som eit tips om kva som skjer når ein knyt spin-off produkter til eit prosjekt, som høyrer til ein bransje ein ikkje har noko kontroll over... Då får ein gjerne spoilers som denne!

Den oppvakte veit at Vadim Jean adapterte Hogfather til tv-skjermen, og då skal det ikkje så mykje til for å leggje to og to saman.

Kva kan ein seie om dette? For min del, så vonar eg sterkt og intenst at David Thewlis speler hovudrolla. For meg er han den einaste... Jean gjorde ein god jobb med Hogfather, så kvifor ikkje? Vonar berre dette er ein tv-serie, t.d. to episodar per bok á la Hornblower, eller tilmed Hogfather, og at dei held fram med heile serien. Om så, kan dette bli RIKTIG bra...

Å, og det fullstendige sitatet er sjølvsagt som følgjer:

Bravd and Weasel looked at the figure, now hopping across the road with one foot in a stirrup. "Fire-raiser, is he?" said Bravd at last.
"No," said Rincewind. "Not precisely. Let's just say that if complete and utter chaos was lightning, then he'd be the sort to stand on a hilltop in a thunderstorm wearing wet copper armour and shouting "All gods are bastards".

Etiketter: