on holid on holiday by mistake: "Du regisserer greit, men du ser ut som ein Ewok"

15 februar, 2008

"Du regisserer greit, men du ser ut som ein Ewok"

Slashfilm melder at ein ny dokumentar om George Lucas er på veg. Tittelen er The People vs. George Lucas, og filmskaparane inviterer fansen til å dele sine syn og kjensler ovanfor Ewokkongen. Nøyaktig kva dette blir til, skal eg ikkje spekulere i, men Star Wars-nerdar bes henvende seg her for å vere med på moroa.

IO9 melder at karakteranimasjonane er elendige i Clone Wars-filmen som får premiere til hausten, og Topless Robot har funne denne herlege samlinga Star Wars-merchandiset som aldri vart laga.

Men er eg den einaste som tykkjer at denne halvt vaskebjørn-aktige padawan-tøsen Ahsoka i Clone Wars er ganske foxy? Ho hadde lurt meg over på The Dark Side! Eh, om ho var ond, då...

Etiketter:

1 Comments:

Anonymous Anonym said...

Faktisk var min første tanke her at eg ville ha litt action med twi'lek-dama. Woff!

Sjølv om IO9 meiner noko, så forbeheld eg meg retta til å vere saktens usamd. Det eg har sett av småklipp har eg likt, og eg ser fram til å sjå filmen. La oss håpe det vert moro, istadenfor å bestemme oss for å mislike det, ja?

2:23 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home